Supernytt

Strenge reglar for sal av snop

APRILSNARR!!! Innfører 18-årsgrense for kjøp av godteri, og stoppar sal i helgene.

- Sukker og snop er omtrent like farleg som alkohol og tobakk, seier lege og helsesjef Frank Sivertsen.

Han er ein av dei som står bak dei nye lovane for sal av godteri, som helsemyndigheitene nå har bestemt.

Frå og med 2. april vil unge under 18 år måtte ha med seg vaksne om dei vil kjøpa sukkervarer. I tillegg blir salstidene kutta kraftig.

Dersom ein vil ha laurdagsgodt framover, må ein kjøpa det på fredagen. I helgene vil salet nemleg bli stengt. På kvardagar vil det stenga klokka åtte, slik som ølsalet.

Michael Borgen (12) trur det vil bli krafige reaksjonar blant unge på hans alder.

- Det er veldig strenge reglar. Eg synst folk skal få velja sjølv kva dei vil gjera med sine pengar og si helse. Det er ikkje noko staten burde ta seg av.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!