Supernytt

I dag har Tiril og Ronja sove ute på Svalbard i eitt heilt år

Når Tiril (8) og Ronja (13) legg seg i kveld, har dei sove ute kvar natt i eit heilt år.

Søskenparet på Svalbard let seg ikkje skremma av minusgrader.

Kvar kveld kler dei på seg ullklede og finn vegen inn i den lille hytta som dei har laga av presening.

- Det er faktisk ganske godt å sova ute, seier Ronja.

Saman med lillesøstera og hunden Rufus søv ho ute - uansett vèr. Det heile starta for eit år sidan då Tiril kjeda seg. Mamma, Maiken, spurte om ikkje jentene ville sova ute. Då var det midnattsol og 15 minusgrader.

Sidan den gong har Tiril og Ronja sove ute.

Tiril og Ronja må kle seg godt når dei skal leggja seg.
Mindre sjuk

Det har vorte nokre blaute soveposar og kalde netter, og ein skulle kanskje tru at minusgradene har ført til eit par ekstra forkjølingar.

Men Tiril og Ronja har faktisk vore mindre sjuke etter at dei byrja å sova ute.

Jentene kan i dag feira eitt år med søvn i frisk luft - og dei har ikkje tenkt å leggja seg inn med det første.

- Kvifor skal me stoppa med det, spør Tiril.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!