Supernytt
De ser kanskje teite ut, men kuer er jo litt artige?
Foto: Colourbox

Ti ting du kanskje ikkje visste om ei ku

1. Ei ku søv svært lite, somme berre 20 minutt i døgnet. Ho brukar 4–6 timar på å ete og 10 til 14 timar på drøvtygging.
2. Ei ku har ikkje framtenner i overkjeven. Ho tygg derfor maten sidelengs.
3. Når ei ku sleiker deg er det eit venleg teikn.
4. Kua trivst best når den står i retninga nord-sør. Årsaka til at det er slik veit dei ikkje, men det blir spekulert i om kua har eit slags innebygd kompass.
5. Det er mykje overtru knytt til ku og storfe. Heng det grasstrå i munnvika til kua for eksempel, så spår den regn og uvêr.
6. Ei ku mjølkar dobbelt så mykje i dag som for 60 år sidan. Ei ku produserer i gjennomsnitt 7000 liter i året.
7. Ei ku drikk omtrent 130 liter vatn i døgnet. Den brukar altså berre 5 minutt av dagen sin på å drikke alle dei 130 litrane.
8. Kyr utviklar venskap som kan vere langvarige. Ei ku kan kjenne att og hugse 50–70 forskjellige individ.
9. Auga til storfe har rektangulær pupille. Dei er utvikla for å speide etter truslar i horisonten.
10. Ei ku produserer 100 liter spytt i døgnet ved drøvtygging.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!