Supernytt
Angelina er den yngste som har vunne Norske talenter på TV2. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Norske Angelina (10) sa nei til Trump

Donald Trump ville ha med Angelina Jordan på sin valkampturnè. Angelina sa nei.

10-åringen frå Noreg vann i 2014 Norske talenter på TV2. Sidan den gong har ho vorte ein stor YouTube-hit og er sett av fleire millionar verda over.

Trump ville ha med Angelina på ulike event i samband med valkampen.

Det skal vera dottera til Trump som er stor fan av den norske jenta, og det var ho som ringte til manageren til Angelina.

Dei som hjelper Angelina med musikkkarriera vil ikkje at Angelina skal vera ein del av noko politisk, og sa difor nei til å vera med Trump på turnè.

Kva hadde du svart dersom Trump spurte deg om å vera med på turnè?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!