Supernytt

foto: Andrej Isakovic / AFP

Fekk ein halv million kroner for gullet

Karsten Warholm kan glede seg over meir enn VM-gullet i 400 meter hekk.

Då 21-åringen blei verdsmeister denne veka, fekk han også ein fin pengepremie.

VM-gullet gav Karsten Warholm heile 60.000 dollar i pengepremiar frå det internasjonale friidrettsforbundet. Det er nesten ein halv million norske kroner.

Frå før har 21-åringen sprunge inn over 160.000 kroner på sine to sigrar i Diamond League i Oslo og Stockholm tidlegare i sommar.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!