• Vaffelhjarte-kort

Karakterane

Trille
Trille er ni år og heiter eigentleg Teobald Rodrik Danielsen Yttergård. Trille liker å leike og finne på ting saman med Lena. Det beste han veit er vaflane til tante farmor. Han vil gjerne vere besteven med Lena, men ho meiner at dei berre er gode naboar.

Lena
Lena er ni år. Ho liker å spele fotball, finne på ting saman med Trille og ete vaflane til ho tantefarmor. Ho meiner at ho og Trille berre er gode naboar og at ein ikkje treng å seie at ein er bestevener heile tida.


Krølla er 8 år og er lillesystra til Trille. Ho elskar å le og leike med lille rev som er ynglingkosedyret hennar. Ho vil også gjerne vere med når Lena og Trille finn på ting, men ho får ikkje alltid lov.

Minda er 15 år og storesystra til Trille. Ho likar best å vere samen med bestevenninna si. Ho synes ofte det kan vere ganske slitsomt å ha småsysken.

Magnus er 16 år og storebroren til Trille. Han liker å spele gitar og vere saman med kompisar. Han held på med sine eigne ting og bryr seg ikkje så mykje om alt det Trille og Lena finn på.

Farfar

Farfar er farfaren til Trille. Han er verdas beste farfar og broren til Tante-Farmor. Han forstår ting som andre vaksne ikkje skjønar seg på. Han køyrer rundt i verdas kuleste moped, der det akkurat er plass til Trille og Lena.

Reidar er pappaen til Trille. Han jobbar på ferje og då han var ung drøymde han om å bli proff fotballspelar. Reidar liker å lage songar, synge og spele gitar, men han er ikkje spesielt glad i å mure.

Tante-Farmor er storesystra til farfar, ho lagar verdas beste vaflar og er ekspert på paddegrimasar! Det er fint å snakke med ho og alltid så koselig når ho kjem på besøk med vaffelrøra si.

Kari er mammaen til Trille. Ho gjer utroleg mange ting heile tida og er ekspert på både det eine og det andre, blant anna muring.

Inger er mammaen til Lena. Inger jobbar på butikken sjølv om ho eigentleg vil bli ferdig med utdanninga si. Ho prøver å halde styr på Lena som finn på så mykje rart, men som regel ender det med at ho må le av alt det artige ho gjer.

Informasjon

NRK Super er NRKs kanal for barn. På denne siden kan du se aktuelle programmer i nett-TV, spille spill, lese om og delta i aktiviteter i forbindelse med programmene.

Kontakt

Epost: info@nrk.no

Telefon: 815 65 900

Redaktør NRK Super: Vegar Breimo

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen