Forsiden NRK Super

Hopp til innhold
Banner for Supernytt
En hånd forsøker å vippse ert beløp

Nå kan du vippse tiggerne


Profilbilde til Karina

Av Karina
1 uke siden


Mange vaksne har ikkje kontantar lenger. Derfor slit tiggerane med å få småpengar frå folk som går forbi.

– Det er ei stund sidan vi såg at dei første tiggerane tok i bruk Vipps. Det er mange tiggarar som bruker appen, seier nestsjef i Vipps, Elisabeth Haug.

Ho trur tiggerane bruker Vipps fordi dei slit med å få kontantar.

Tigging på Vipps er ikkje berre bra, for det kan vere ulovleg.

1
Sort lommebok med sedler
Karina Kaupang Jørgensen/NRK

Det er hovudsakleg berre norske statsborgarar som kan bruke Vipps, fordi du må ha norsk personnummer, norsk mobilnummer og konto i ein norsk bank. Utan dette kan du eigentleg ikkje bruke Vipps.

Tiggarar som ikkje har norsk mobilnummer eller norsk bankkonto, men likevel tiggar med Vipps, må då ha lånt mobilnummer eller kontonummer frå ein norsk statsborgar.

– I såfall er ikkje dette lov. Misbruk av andres identitet vil bli slått ned på, understrekar Elisabeth frå Vipps.

NRK har snakka med gatemusikantar, gatemagasinselgarar og andre tiggarar. Alle er einige om at Vipps er eit viktig verktøy.

Ein norsk tiggar i Kristiansand seier han får inn halvparten av pengane i kontantar og halvparten med Vipps.

– Eg kan nesten ikkje tru at det går an å tigge i Norge utan Vipps. Eg er heilt sikker på at dei som tiggar og er frå andre land også bruker Vipps, seier han.

Artikkelen blei først skriven av Line Haus for NRK.no.




Del det du mener om hva som skjer på NRKSuper, og respekter at andre kan mene noe annet. Vær snill mot de andre!

Alle kommentarer blir lest og godkjent av NRKSuper-teamet før de legges ut. Her er reglene du må følge: Bruk gjerne ditt eget fornavn og en ekte e-postadresse. Din eller andres bloggadresser, e-postadresser, telefonnumre, eller navn på skuespillerne, blir ikke lagt ut.

Tenk nettvett. Kommentarer som handler om utseende vil ikke bli lagt ut. Ikke skriv stygt om hvordan du synes de forskjellige skuespillernes er som personer, for da blir kommentaren din heller ikke lagt ut.

Kommentarer med ord som noen opplever sårende (f eks nedsettende ord og banneord) legges heller ikke ut. I noen tilfeller redigeres kommentarer av NRKSuper-teamet før de publiseres, f.eks. om en fin kommentar inneholder banneord eller bloggadresser.