Supernytt

Møt verdas største bass – og verdas minste fiolin

Du har kanskje høyrd om kontrabass? Strykeinstrumentet som er rundt to meter høgt.

Musikar Guro Skumsnes Moe har skaffa seg ein oktobass, den er tre gonger så stor som ein vanleg kontrabass.

Det fins berre sju slike oktobassar i heile verda, og Guro er den einaste i Norden som eig ein slik.

Oktobassen er spesialbygd i Frankfurt, og om nokre månadar skal Guro spele konsert med det store instrumentet for første gong.

For å auke kontrasten enda meir, så skal ho spele saman med Ole Henrik Moe, som stiller med verdas minste fiolinmodell – ein picolettofiolin.

Ekstrembass

Oktobassen er så stor at når Guro skal spele på den, må ho stå på ein krakk ved sidan av instrumentet for å nå opp til spaker som styrer kva tonar som spelast.

Strengane er for tjukke og halsen, den delen ein trykker på strengane, er for høgt oppe til at vanlege folk kan spele på instrumentetet slik ein vanlegvis spelar på ein kontrabass.

Den aller djupaste tonen er så djup at den ikkje er moglege å høyre for vaksne mennesker, men ein del born og unge kan kanskje høyre den.

Lydbølgjene til den lavaste tonen har nemleg svingingar på 16 Hz, og vaksne kan vanlegvis berre høyre mellom 20 og 20 000 Hz, medan born og unge kan høyre mellom ca. 16 og 20 000 Hz.

– Kvifor måtte du skaffe deg dette instrumentet?

– Når ein held på med støyrock og improvisasjon, så søkjer ein ytterpunkta, seier Guro.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Oddvin Aune og Helga Tunheim.

Kva er det største instrumentet du har sett?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!