Forsiden NRK Super

Hopp til innhold
Banner for Supernytt
Erin Jackson
Erin Jackson

Til OL etter berre fire månader


Profilbilde til Kristine

Av Kristine
6 måneder siden


25 år gamle Erin Jackson har berre gått på skøyter i fire månader. Likevel har ho greidd å koma på det amerikanske OL-laget, og skal konkurrere på langbane i Pyeongchang.

Erin har gått på rulleskøyter i 15 år så ho er ikkje heilt ny som idrettsutøvar, men ho har altså greidd å læra seg å gå på is imponerande kjapt.

Den amerikanske jenta frå Ocala i Florida sikra seg den siste OL-billetten på laurdag, etter å ha imponert med ein tredjeplass på 500 meteren i Milwaukee. Ho gjekk på tida 39.04. Verdsrekorden for kvinner er på 36,36.

– For berre eit par veker sidan gjekk eg på over 40 sekund, så utviklinga har gått veldig kjapt, fortalde ho til bladet Sports Illustrated.

NRK sin skøyteekspert Even Wetten er imponert over kor kjapt Jackson har meistra å gå på isen.

– Ho har masse potensiale som ikkje har fått utfalda seg. Ho er nok ikkje god nok til å hevda seg i toppen i årets OL, men om fire år kjem ho til å gå fort.

Erin blir den fyrste afroamerikanaren som skal gå langbaneløp i OL for USA. Wetten meiner landet si satsing på skøytebaner er ein av grunnane til at afroamerikanarane også byrjar å gjere det bra på skøyter.

– Dei har eit fleirkulturelt samfunn med gode treningsmiljø. Det at USA har fått gode skøytebaner har også ein del å seia for utviklinga, seier han.

 

Saka blei fyrst skrive for NRK.no av Sondre Tallaksen

 



Del det du mener om hva som skjer på NRKSuper, og respekter at andre kan mene noe annet. Vær snill mot de andre!

Alle kommentarer blir lest og godkjent av NRKSuper-teamet før de legges ut. Her er reglene du må følge: Bruk gjerne ditt eget fornavn og en ekte e-postadresse. Din eller andres bloggadresser, e-postadresser, telefonnumre, eller navn på skuespillerne, blir ikke lagt ut.

Tenk nettvett. Kommentarer som handler om utseende vil ikke bli lagt ut. Ikke skriv stygt om hvordan du synes de forskjellige skuespillernes er som personer, for da blir kommentaren din heller ikke lagt ut.

Kommentarer med ord som noen opplever sårende (f eks nedsettende ord og banneord) legges heller ikke ut. I noen tilfeller redigeres kommentarer av NRKSuper-teamet før de publiseres, f.eks. om en fin kommentar inneholder banneord eller bloggadresser.